Brukervurdering: 5 / 5

Sjerne aktivSjerne aktivSjerne aktivSjerne aktivSjerne aktiv
 

Vinnarlaga på #hack4no 2018 finn dei tryggeste vegane, digitaliserer gjestebøkene i fjellpostkassene, viser havnivåendringar tilbake i tid og gjer det enklare å bakgrunnssjekke dine folkevalgde. I alt 39.500 kroner blei delt ut i premiar då ide- og hackekonkurransen blei avslutta 27. oktober.

 

Fire ungdommer med tommel opp og stor sjekk pålydende 20.000 kroner

VINNARAR: Team Safe Roads - Aleksandra Zietara, Fredrik Bore, Adrian Tuft Isdal og David Lange. Foto: Sveinung Engeland

 

#hack4no 2018 blei halde i Hønefoss 26. og 27. oktober og samla i alt 650 studentar, it-utviklarar, gründerar, designarar, kodeinteresserte barn og ungdommar og andre kreative menneske. Til saman 20 etatar og teknologiverksemder, med Kartverket og Universitetet i Sørøst-Norge i spissen, står bak arrangementet.

Barna og ungdomane hadde workshopar om mellom anna programmering av robotar og klede (!), og laga mellom anna spel, Youtube-videoar og droner.

Samstundes konkurrerte dei vaksne deltakarane om å utvikle dei beste appane og løysingane med innslag av opne data frå det offentlege.

13 lag

Ikkje mindre enn 13 lag sto igjen til slutt og blei vurdert av juryen som var samansett av teknologiekspert og investor Silvija Seres, programansvarleg Henrik Hatlebrekke i StartupLab, kartverkssjef Anne Cathrine Frøstrup, direktør Bente Brunsgård frå Tekna og teknologievangelist Michael Palermo i HERE Technologies.

Alle laga har skildra sin ide og løysing på #hack4nos side på Devpost. Dette er vinnarlaga:

Trygge vegar

Team Safe Roads vann førsteprisen på 20.000 kroner sett opp av Kartverket og HERE Technologies. Laget består av fem traineer frå Geodata AS: Aleksandra Zietara, Fredrik Bore, Adrian Tuft Isdal, David Lange og Maria Frøystein. Dei har laga ei webbasert løysing som bruker maskinlæringsalgoritmar til å forutse kva for vegstrekningar som til eihver tid er ekstra utsette for trafikkulykker. I analysene sine har dei mellom anna mata inn historiske data om ver, vegar og registrerte ulukker.

Juryleiar Anne Cathrine Frøstrup karakteriserte det som eit svært gjennomtenkt konsept.

- Laget bruker fleire typar offentlege data, og det er potensial for endå meir. Det har definert brukarbehovet godt og jobba bra med brukarperspektivet, tenkt samfunnsnytte og levert eit godt, gjennomtenkt konsept som har stort potensial, oppsummerte ho grunngjevinga frå juryen.

Digitaliserer fjellpostkassene

Andrepremie på 3000 kroner gjekk til ei løysing som digitaliserer dei tradisjonsrike gjestebøkene som er utplasserte i postkasser på mange fjell. Laget meiner det er på høg tid at papirbøkene blir bytta ut med ein digital versjon, og overtydde juryen om at dei har funne ei elegant og velfungerande løysing.

- God og riktig teknologibruk og ei løysing med stort potensial også i andre land, uttalte juryen mellom anna.

Laget består av Torkel Velure, Maria Atkina, Aleksander Gjerrud og Ivarr Warren Reyna.

Spesialprisar

Juryen delte også ut to spesialprisar på 2000 kroner kvar.

Kristoffer Hagen og Harald Stavestrand vann den eine prisen for ArkHav. Dei viser kor høgt havnivået har vore bakover i tid, og også samanhengen med arkeologiske funn.

Terje Andersen og Trond Henriksen klarte å sjarmere juryen og kapre den andre spesialprisen for Finn folkevalgte, ei løysing som gjer det enklare å finne ut meir om akkurat dei politikarane som representerer deg.

Dataeigarane sine prisar

Ikkje nok med det. Fire dataforvaltarar og etatar delte ut sine eigne prisar:

  • Norsk Romsenters pris på 5000 kroner for beste bruk av satellittdata frå Copernicus-programmet, gjekk til laget SatLab: Magne Bugten, Annette Primstad og Sverre Horn. Løysinga deira analyserer, filtrerer og levere spesialtilpassa rapportar frå Copernicus.
  • Enturs pris for beste løysing som gjer det enklare å reise kollektivt, gjekk til Topptur-laget, som består av Robert Sasak, Mari Heide Hellan og Anne-Ragnhild Einbu. De har utvikla ei løysing som både hjelper deg å finne raskaste kollektivtilbud til fjells, og som gir deg namn og data om fjell og kulturminne ved hjelp av AR (augmented reality) via mobilkameraet.
  • Riksantikvarens pris på 2500 kroner for beste bruk av etatens data gjekk til ArkHav (sjå omtale tidlegare i artikkelen).
  • NAVs pris på 2500 kroner for beste bruk av etatens data gjekk til Livar Bergheim. Hans løysing Enhetsinfo hjelper deg å oppdage og analysere din draumeoppdragsgjevar.

Les meir

 

Kartverket © 2019

Søk