#hack4no samlar mange hundre kreative menneske frå heile landet – gründerar, utviklarar, designarar, studentar, kodeinteresserte barn og andre innovasjonsinteresserte.  

juryen2017

Ikkje i 2019

Det siste #hack4no blei halde hausten 2018. Du kan lese alt om vinnarlaga her. 2019 blir eit pauseår då det ikkje blir arrangert #hack4no. Kartverket, som er hovudarrangør, vurderer korleis konseptet kan utviklast og kva som skal skje i 2020.

Innovasjon og teknologiforståing

Målet med #hack4no er å stimulere til innovasjon, næringsutvikling og gründeraktivitet og å fremje teknologiforståing blant barn og unge.

Dei vaksne deltakarane bruker gratis data frå det offentlege til å utvikle nye forretningsidear, eksperimentere og programmere, og lage nye appar, tenester og andre digitale løysingar. Barn og ungdom lærer mellom anna å lage appar og kart og programmere robotar, spel og musikk.

hack4no er årets store hackathon med opne offentlege data i Noreg og den største kodesamlinga i Noreg for barn og ungdom.

Kartverket arrangerer #hack4no i samarbeid med ei rekke andre teknologiverksemder og offentlege etatar.

Om "hacking"

Ordet "hackathon" er samansett av “hacke” og “maraton”. Å "hacke" tyder i denne samanhengen å programmere, bruke data og lage appar, tenester og andre digitale løysingar. "Maraton" spelar på at ein over to heile dagar jobbar i eitt for å bli ferdig med ei øysing eller utvikle ein idé. 

Har du ein god idé?

Ein treng ikkje vere programmerar for å bli med. Til #hack4no kjem det menneske med mange ulike bakgrunnar. Kanskje har du berre ein god idé? Eller du ser ein marknadsmoglegheit, eller ei utfordring i samfunnet, på jobben eller i fritidssamanheng som treng ei løysing? Du kan invitere andre til å bli med og jobbe med din ide, eller du bidra med din kompetanse i eit anna lag.

På #hack4no stiller vi - det vil seie ei rekkje offentlege etatar - med masse gratis datasett som du kan bruke saman med andre data, og vi har ekspertar som kan hjelpe deg. 

Juniorhack

Juniorhack pågår parallelt og blir arrangert i samarbeid med Lær kidsa koding. Her får barn og ungdommar (10-16 år) lære om koding, om å lage appar og kart og mykje anna spennande med data. Les meir om juniorhack her.

Tidlegare hackathons

#hack4no 2018 blei arrangert på Hønefoss 26-17. oktober 2018 i regi av Kartverket og Universitetet i Sørøst-Norge. 650 vaksne og barn deltok. Dette var samarbeidande etatar/ dataforvaltarar i 2018: Brønnøysundregistrene, Entur, Fiskeridirektoratet, Kartverket, Meteorologisk Institutt, NAV, Norges Geologiske Undersøkelse, Norsk Romsenter, Riksantikvaren, Riksarkivet, Statens Vegvesen, Statistisk sentralbyrå. Og dette var dei øvrige samarbeidspartnarane våre: Daisy, Geoforum, Here, Lær kidsa koding, Pan Innovasjon, Smarte Byer Norge, StartupLab, Tekna. Les om vinnarane her.

Her kan du sjå "aftermovien":

Alternative iframe

 

#hack4no 2017 blei arrangert på Hønefoss 27. og 28. oktober av Kartverket og Høgskolen i Sørøst-Norge og med 700 deltakarar. Følgjande etatar deltok med data: Artsdatabanken, Brønnøysundregistrene, Kulturrådet, Meteorologisk institutt, Riksantikvaren, Riksarkivet, Statistisk sentralbyrå, Norsk Romsenter, Oljedirektoratet, Difi, Statens Vegvesen, NVE, NAV og Kartverket. Hovudsamarbeidspartnarar var Capgemini og Hønefoss Sparebank. Les om 2017-vinnarane her.

Sjå den heftige "aftermovien" frå 2017:

Alternative iframe

 

Difi og Kartverket har arrangert #hack4no to gonger, 5. - 6. juni 2015 og 28.-29. oktober 2016. Begge gonger stilte ei lang rekkje samarbeidspartnarar frå offentleg sektor sine datasett og ekspertar til disposisjon. I 2015 talde vi 250 vaksne og unge deltakarar, i 2016 det dobbelte.

I februar 2014 arrangerte samarbeidsprosjektet Kultur- og naturreise (seinare K-lab) eit #hack4no med kultur som tema hjå Kulturrådet. Ei anna inspirasjonskjelde er konkurransen apps4norge som Difi og IKT-Norge arrangerte våren 2013.

Glade deltakere rundt bord med PC-er

 

Kartverket © 2019

Søk